For eit par månader sidan var eg på kafé med vener. Brått såg eg ei kvinne med eit stort smil, og eg fortalde entusiastisk at «Eg kjenner henne! Ho er ven med meg på Facebook». Ei av venninnene mine fortalde meg at «Ho er Facebookvenn, men ho er ordføraren I Midt-Telemark». Eg vart så overraska at det datt eit par dropar kaffi frå munnen min. Så såg eg meg rundt etter politi, livvakter og andre politikarar. Eg såg med andre ord etter eit heilt følgje.
Der eg kjem frå er det alltid eit stort følgje når en statsminister, minister eller ordførar er ute blant folk. Dei er omringa av fleire hundre politifolk, livvakter og andre politikarar. Eg har lært at dei ikkje er vanlege personar (sjølv om dei heller ikkje er uvanlege)! Eg har og lært at dei er svært viktige personar i samfunnet, og at dei må skjermast og respekterast meir enn andre. Når bilane deira er ute på vegane, må vanlege personar som meg køyre ut og stoppe i vegkanten. Eg kan hugse at for nokre år sidan var det ein person som døydde i ambulansen fordi statsministeren var på veg til eit møte, og all anna trafikk måtte stå stille eit par timar.
Og når ei kvinne er politikar, har ho meir ansvar enn ein mann. Det er viktig at ho viser seg som ein god politikar i tillegg til å vere ei anstendig kvinne. Ho må til dømes dekkje kroppen (og av og til hovudet), vere meir høfleg, bruke mildare stemme, og ho må sitje og gå på ein måte som samfunnet forventar.
Så, etter at eg kom hit fekk eg sjå at «ein ordførar kan vere ein vanleg person»! Ho kan gå rundt åleine, ho kan poste badebilete på Facebook og likevel vere ein respektert person i lokalmiljøet. For i dette samfunnet blir ein ikkje dømt etter korleis ein kler seg eller lever privatlivet sitt!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

