Ugras, spinat, mat og kultur

Ela
Ela
3 Min Read

For ein månad sidan fekk eg høyre om brennesle, som faktisk kan etast.  Eg smaka på det og ville overraske mor mi med at eg hadde oppdaga noko nytt. Så eg fortalde henne det, og vart ganske overraska då ho sa «Stakkars deg! Du vaks opp i hovudstaden, det er derfor du ikkje visste det. Det er ei vanleg plante i landsbyane i Bangladesh.» Ei anna plante eg fann heiter meldestokk, og den er ein type populær spinat i heimlandet mitt. Kjærasten min fortalde at det er eit ugras i Noreg. Ja, det som er ugras her kan vere mat ein annan stad. Definisjonen på mat varierer frå kultur til kultur.

I Bangladesh brukar vi ulike etelege blad frå ulike planter (nesten 100 typar) som vi alle kallar for spinat. Brennesle og meldestokk er til dømes spinat. Då eg var på matbutikken her i Noreg for fyrste gong fann eg berre ein type spinat, og det overraska meg. Eg har alltid sagt at maten er ein viktig del av identiteten og kulturen.  

I landsbyane i Bangladesh er det kvinnene som har ansvaret for kjøkkenhagen, og der kan dei dyrke ulike grønsaker og spinat. I tillegg til å sørge for mat til familien kan dei også selje det på marknaden. På visse tider av året er det ein tradisjon at kvinnene plukkar fjorten typar spinat som ein et med familien. Spinat som ikkje er dyrka, men er viltveksande, blir plukka av kvinnene, som må gå ein til to kilometer. Mange trur at den eigentlege grunnen bak denne tradisjonen var å sjå om store område med udyrka natur blei ignorert fordi folk fokuserte på si eiga avling gjennom året. I mange år visste eg ikkje om dette. Eg hadde ein prat med ein venn om dette, og han sa «Medan bøndene arbeider med jordbruk så gjer kvinnene ein eineståande jobb med dette.» Eg var einig, «Men vi må ikkje gløyme at i Bangladesh er 68 prosent av den kvinnelege arbeidsstyrken involvert i jordbruk (deriblant kjøkkenhagar), skogbruk og fiske. Men vi ser berre menn som bønder eller fiskarar.» Han blei stille. Det er ikkje noko poeng å snakke om likestilling dersom det vi gjer ikkje blir sett nok pris på.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2023

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *