Val, kvinner og myndiggjering

Ela
Ela
3 Min Read

I Bangladesh var det lokalval dette året. Ifølgje valkommisjonen var valdeltakinga i mellomvalet for Dhaka-17 (hovudstaden) 11,51 %. Ja, du las rett! Ifølgje BBC var hovudgrunnane motvilje, lav tiltru til systemet, korrupsjon og frykt for opptøyar. Ein student var intervjua at BBC og sa at «…eg var ikkje interessert i å stemme fordi uansett kva vi stemmer eller ikkje, så er det den same kandidaten som blir valt.» Dette er eit perfekt eksempel på korleis korrupte val fungerer der. I det nasjonale valet i 2018 var det mange namn i manntalet som tilhøyrde folk som døde for fleire år sidan, likevel kunne dei stemme! Mange av oss sa den gongen at «i Bangladesh stemmer spøkjelsa, men levande menneske gjer det ikkje.

Eg er sikker på at slikt ikkje ville skje i Noreg. Kommune- og fylkestingsvalet er over her, med eit frammøte på 62,5 %. Eg tenkjer då at dersom dei resterande 37,5 prosentane hadde stemt, så kunne vi fått eit tydelegare resultat.

Når det gjeld kvinnerepresentasjonen i politikken, som ordførar eller andre politiske posisjonar  i Noreg, så ser vi eit monaleg tal kvinner. Men kva er statusen for «kvinner i politikken» i Bangladesh? På dei 30 åra sidan landet gjekk over til demokrati i 1991, har to kvinnelege statsministrar leia landet i meir enn 27 av dei åra, men politikken er framleis mannsdominert. Av 54 medlemmer i dagens regjering er det berre fem som er kvinner. På same måte er det berre 22 kvinner i eit parlament på 300 medlemmer, og av 5 541 ordførarar og politiske leiarar er det berre 44 kvinner.

Den mest risikable tolkinga av kvinners myndiggjering er for meg når ein plasserer kvinner i rampelyset som innflytelsesrike personar og mottek hyllest frå heile verda, men realiteten er at dei er nikkedokker som er festa i usynlege trådar som patriarkatet styrer i bakgrunnen. Neis, vi bør ikkje framheve denne nikkedokke-versjonen av kvinners myndiggjering. I staden bør vi opne auga og undersøkje kva som eigentleg går føre seg bak stengde dører.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2023

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *