Valdtekt i ekteskapet er ei form for partnervald. For berre nokre år sidan var dette omgrepet ukjent for dei fleste. I mange land er det framleis uklart om ekteskapsvaldtekt går inn under dei ordinære valdtektslovene, men i mange land kan sex med tvang utan samtykke kome inn under dei generelle lovene om vald, t.d. overfall og lekamsskading. I andre land fell valdtekt i ekteskapet framleis utanfor lovverket, eller det er allment akseptert og lite anerkjent. Motviljen mot å definere sex utan samtykke i ekteskapet og å påtale det som eit lovbrot, er basert på eit tradisjonelt syn på ekteskapet, tolking av religiøse doktrinar, førestillingar om mannleg og kvinneleg seksualitet, og kulturelle forventningar om ei underdaning kone — eit syn som framleis er vanleg i mange delar av verda.
Mange meiner at to personar får kontrollen over kroppane til kvarandre gjennom ekteskapet, og då særleg at mannen skal ha kontrollen. Slike oppfatningar er integrert i ideen om at kvinna sin seksualitet er ei vare som mannen eig, og at det som skjer mellom mann og kone på soverommet er ei privatsak, at mannen har rett på sex med kona og at kona skal samtykke i sex med ektemannen. Det er eit komplisert nett av statlege etatar, kulturelle sedvanar og samfunnsideologiar som saman påverkar kvart tilfelle og situasjon på ulike måtar. Ein studie viste at blant kvinner som hadde vore gift, var det fire gongar meir vanleg med valdtekt utført av ektemenn eller eksmenn, enn valdtekt utført av framande. I ein slik studie i desse landa vart omgrepet «valdtekt i ekteskapet» brukt. Men der dette omgrepet ikkje fins, korleis er situasjonen der? I lovene i mitt heimland står det: «seksuelt samkvem mellom ein mann og kona hans er ikkje valdtekt, så lenge kona ikkje er under 13 år».
Ein person kan ikkje vere eit produkt, ein eigedel eller ei vare gjennom ekteskap. Eit menneske er eit «respektert menneske» og ho/han skal ha full råderett over eigen kropp.
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

