I Noreg kan alle få pensjon når dei fyller 67 år

Ela
Ela
3 Min Read

“I Noreg kan alle få pensjon når dei fyller 67 år” – las eg på norskopplæringa, og kom til å tenkje på noko.

I min kultur er alder for det meste ei kontroversiell sak. Ein fødsel må registrerast før det har gått 45 dagar, men mange foreldre er ikkje klar over dette. Dei søkjer vanlegvis om fødselsdokument når barnet skal skrivast inn ved skulen, like før barnet fyller seks år. Nokre gongar kan barnet starte skulen utan å vere fødselsregistrert. Men for å få ta eksamen etter ti år i grunnskulen, er det obligatorisk å registrere borna i det nasjonale systemet. Foreldra reduserer nesten alltid alderen på barnet med 2-3 år. Også mine foreldre reduserte alderen min med eitt år då eg vart registrert. KVIFOR?

Normalt startar born på skulen når dei er seks år. Etter 17 år med utdanning er ein 23 år. Men den verkelege situasjonen er heilt annleis. Dei fleste foreldre ventar 2-3 år før dei sender borna på ein god skule, så då startar dei i fyrste klasse når dei er 7-8 år. Mange born stryk på eksamen og går same klasse om igjen 2-3 gongar. Det er ventelister ved mange universitet, så mange er 27-28 år før dei er ferdige med utdanninga si. Aldersgrensa for å søkje jobb i det offentlege er 30 år, og jobbane der er ettertrakta. Konkurransen er hard, og mange må ta opptaksprøver 3 eller 4 gonger. Det er dette foreldra tenkjer på når dei reduserer alderen til borna, og dei forventar at dei kanskje må ta opptaksprøve 5-6 gongar etter at dei er ferdige med ei masterutdanning. Ah, et system med kappløp og konkurranse til døden!

Så ifølgje avisa kan personar (som er fødde i Bangladesh, men som lever i Noreg) bli pensjonistar når dei er 67. Men kva vil den faktiske alderen vere? Kanskje 68, 69, 70 eller til og med 72? Gud, ingen kan redde oss frå denne katastrofen!

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *