Kjærleik er det mest slagkraftige ordet

Ela
Ela
3 Min Read

Homofili var lenge tabu, og det var straffbart i Noreg til 1972. I dag er Noreg eitt av landa som tillèt homofilt ekteskap og adopsjon. Og i år kan Noreg feire 50 år med rettar for homofile. Det er fantastisk! Alle burde få sjansen til å føle seg stolte over den dei er, kven dei elskar og korleis dei elskar. Vi har alle rett til å uttrykkje oss fritt.

Kjærleiken burde ikkje ha grenser. Samfunnet har derimot laga eit sett med reglar for korleis ein person kan elske andre. Viss vi ser på historia vil vi sjå at homofili alltid har eksistert. I det gamle Mesopotamia, i det gamle Hellas, i det gamle Egypt, i Romarriket og i tidleg kristendom, det har eksistert overalt. Historisk sett er lesbisk kjærleik nemnt færre stader enn mannleg homofili. Det er fordi den mannlege homoseksualiteten var meir akseptert enn den lesbiske, og fordi dei fleste historiske nedteikningane fokuserte på menn og var skrivne av menn. Kvinnene fekk aldri ei stemme.   

La oss sjå på situasjonen i verda i dag. Homofili er forbode i 70 land. Ni land straffar homofili med døden. I 2019 vart Taiwan det fyrste landet i Asia som godkjende ekteskap mellom to av same kjønn. Kva er så situasjonen i mitt heimland? I mitt heimland kan homofile hamne i fengsel på livstid viss dei har sex med ein person av same kjønn. I 2016 vart to homofile menn drepne av ei religiøs ekstremistgruppe. Etter den hendinga gjekk gruppa ut og erklærte at dei måtte drepast etter muslimsk sharialov på grunn av si seksuelle legning. Korleis er det for lesbiske i Bangladesh? Det fins ikkje eksakt statistikk eller tal på kor mange lesbiske som lever i Bangladesh. Det er fordi det ikkje er trygt å gå ut offentleg med legninga si.

Artikkel 19 i Menneskerettserklæringa vernar alle sin rett til å uttrykkje seg fritt. Vi bør følgje og respektere den. Sjølv om mange land seier dei respekterer denne artikkelen, praktiserer dei den ikkje. Kva er det vi faktisk treng? Vi må respektere våre medmenneske, det er det vi må!

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2022

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *