«Kvinner er ei enorm drivkraft for økonomien, og barnehagen er ein avgjerande faktor for at dei skal få den sjansen. Når ein frigjer kvinner frå ansvaret med barnepass døgnet rundt, kan også dei vere ein del av økonomien. Kjære moder Bangladesh, kvinner gir liv til den framtidige staten, ver så snill og tenk på dei som ein stor ressurs!» Eg uttalte desse orda for tre-fire år sidan. Mange vart veldig sinte på meg. Det er ikkje vanleg med barnehage i heimlandet mitt. Før dei startar på skulen er det vanleg at borna er heime med mor, som har hovudansvaret for oppsedinga, til dei er rundt fem år gamle. Men dersom ei mor vil ut i arbeidslivet etter ein fødsel, kva kan ho gjere? I nokre storfamiliar er det besteforeldre som kan passe borna, eller ein har hushjelp som kan gjere det. Men viss ein ikkje har besteforeldre, dei bur for langt unna eller ein ikkje har råd til hushjelp, kva då?
Eg har mange venninner som har blitt heimeverande etter barnefødslar. Det er fordi det ikkje fins eit tilbod for barnepass, og dei er dermed nøydde til å slutte i jobben. Etter ei pause på fem år har mange gløymt kvalifikasjonane sine! Andre venninner ville gjerne gå tilbake til jobb etter barnefødsel, men dei hadde mange dårlege opplevingar rundt det. Også borna til arbeidande mødrer kan bli sjuke, og samfunnet hevdar at borna er sjuke fordi mor jobbar utanfor heimen. Seriøst? Alt ansvaret for det som går gale ligg hos kvinna åleine!
Eg fekk høyre at ein har hatt barnehagar i nesten 120 år her i Noreg. Eg har praksis i ein barnehage i desse dagar, og får sett systemet på nært hald.
Eg meiner at barnehagen ikkje berre er ein viktig faktor for å frigjere kvinner, men her kan borna også lære om kulturen og samfunnet. Dei er trass alt framtida!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

