Dei lagar kleda våre

Ela
Ela
3 Min Read

Om du går inn i ein klesbutikk finn du massevis av klede som er laga i Bangladesh. Ja, Bangladesh har den nest største tekstilindustrien i verda, etter Kina. I 2019 hadde dei rundt 4 000 fabrikkar og fire millionar tekstilarbeidarar. Heile 85 prosent av desse arbeidarane er kvinner. Men viser denne statistikken oss reell kvinnefrigjering?

Tekstilindustrien i Bangladesh har vore drivkrafta i landet sin eksportboom heilt sidan den fyrste fabrikken opna i 1976. Industrien har vakse dramatisk dei siste 35 åra, og i dag står den for 80 prosent av Bangladesh sin samla eksport. Sjølv om nokre ser dette som eit positivt steg mot kvinnefrigjering, blir kvinnene i realiteten grovt utnytta. Kvinnelege fabrikkarbeidarar er framleis nedst på næringskjeda. Dei jobbar lange dagar for elendig løn og blir nekta grunnleggande svangerskapsrettar. Sidan dei lever i eit patriarkalsk samfunn er det mange som i tillegg må leve med vald i heimen. Det er mange av kvinnene som ikkje får lov til å bruke sine eigne opptente pengar, og dei får ikkje ta del i avgjerder i familien. Dette er absolutt ikkje reell kvinnefrigjering!

In 2013 var eg masterstudent ved universitetet. I nærleiken av universitetet mitt var det ein tekstilfabrikk som kollapsa på grunn av feil i bygningskonstruksjonen. Dette var den mest dødelege bygningskollapsen i moderne tid, og den dødelegaste tekstilfabrikk-katastrofen i historia. Dei offisielle tala enda på 1 132 omkomne og rundt 3 000 skadde. Men slike ulukker har sjeldan ei tydeleg årsak. Eg var ikkje oppteken av det den gongen, men eg spurde meg sjølv: «Bangladesh produserer ikkje råmaterialet til tekstilindustrien, det blir importert frå andre land. Så kvifor er det så mange klesfabrikkar her?» Veit du svaret? Ein av dei viktigaste grunnane er billeg arbeidskraft. Lovleg minstelønn for ein tekstilarbeidar er 96 amerikanske dollar i månaden, 850 kroner.

Eg har høyrt om mange aktivistar som har slutta å kjøpe kle frå Bangladesh som ein del av sine protestar. Eg tenkte òg på det, men kven er det som fyrst får lide då? Er det styresmaktene eller dei fire millionar fattige arbeidarane? Her må vi tenkje nytt.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2022

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *