Den internasjonale morsmålsdagen

Ela
Ela
2 Min Read

Eg har lært norsk det siste året. Eg meiner at språk er den viktigaste metoden for menneskeleg kommunikasjon. Frå barndommen har eg lært at alle språk måtte respekterast. I dag skal eg dele historia om språket mitt, morsmålet mitt. Eg er stolt av denne historia. 

Britane herska over India i rundt 200 år. Før 1947 var India, Pakistan og Bangladesh eitt subkontinent. I 1947 trekte britane seg tilbake og området vart delt i to uavhengige statar – India (som for det meste var hinduistisk) og Pakistan (som for det meste var muslimsk). Pakistan vart delt i to geografiske delar Aust-Pakistan (dagens Bangladesh) og Vest-Pakistan (dagens Pakistan). Desse to delane var svært ulike når det gjaldt kultur, tradisjon og språk. Dei var også delt fysisk, med India mellom seg. I 1948 erklærte styresmaktene i Pakistan at urdu var det einaste nasjonale språket i Pakistan, sjølv om størstedelen av folket i Aust- og Vest-Pakistan snakka bangla. Folket i Aust-Pakistan protesterte. Dei kravde at bangla skulle vere eitt av dei nasjonale språka i tillegg til urdu. 21. februar 1952 opna politiet ild mot massemøter og protestar. Fem menneske døde og fleire hundre vart skada. Dette var ei sjeldan hending i historia, med menneske som ofra livet for morsmålet sitt. Sidan den gongen har folket i Bangladesh feira «morsmålsdagen» for å uttrykkje sorg, respekt og takksemd overfor martyrane.

17. november 1999 erklærte generalforsamlinga i UNESCO at «21. februar skulle være den internasjonale morsmålsdagen for å minnast dei martyrane som ofra liva sine denne dagen i 1952». Etter det har folk over heile verda feira denne dagen.

Språket er ein svært viktig del av eit land. Vi må kjempe for å bevare og verne alle språk.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *