Norges Håndballforbund fekk bot etter at kvinnelandslaget brukte shorts i staden for bikinitruser i bronsefinalen i EM i strandhandball i Varna i Bulgaria. Avgjerda vart både hylla og kritisert. Eg meiner at kvinnelege utøvarar som tek til motmæle mot diskriminerande og avgrensande draktreglar i konkurransar, markerer eit vendepunkt for kvinnelege idrettsutøvarar. Og denne hendinga minner oss endå ein gong om at vi må tenkje nytt!
Ein tidlegare kvinneleg olympisk deltakar sa at idrettsforbunda rettferdiggjer seksualiserte drakter i konkurransar med at dei må tiltrekkje seg sponsorar og halde oppe sjåartala, sidan mediedekninga ofte fokuserer på kvinnene sine kroppar og ikkje på prestasjonane.
Eg fann ut at i 2011 sa leiaren for det internasjonale badmintonforbundet i eit intervju at dei fekk kritikk for draktene til dei kvinnelege utøvarane (skjørt og kjolar) og sjåartala gjekk ned. Folk vil sjå kvinnene i fine antrekk, og det har større marknadsverdi for dei! Så mitt spørsmål er då: Er det viktig for dei kvinnelege utøvarane å være fint kledde, sexy og attraktive, i staden for å bli vurdert for sine sportslege kvalitetar? Ein mannleg utøvar kan bruke shorts, kvinnene må bruke bikinitruse for å sjå finare ut! Finare eller seksuelt objektivisert? Ja, vi kvinner veit godt kva som er finare og vakrare i patriarkalske auge. No er det på tide å gje systemet eit realt sjokk!
Alle kan seie at dette er standarden. Spørsmålet mitt er då kven som har laga denne standarden, og er det ikkje på høg tid å tenkje nytt om desse «seksuelt objektiverande standardane»? Eg støttar alle kvinnelege idrettsutøvarar som vil endre praksisen med diskriminerande drakter.
I media, arbeidslivet, utdanning og litteraturen blir kvinner seksuelt objektivisert i ei kjønnsdelt verd. Dette er noko vi bør tenkje over!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

