Eit kjønnsdelt arbeidsliv

Ela
Ela
2 Min Read

Det er kanskje femti år sidan kvinnene offisielt vart ein del av økonomien. Arbeidet som ein gong vart sett på som “arbeid for menn”, blir no utført av både menn og kvinner. Eg lurer då på – har mennene og byrja å gjere såkalla “kvinnearbeid”? Vi får svaret dersom vi ser oss rundt om i verda. 

Gjennom studiar og erfaring har kvinnene vist at uttrykket “det svake kjønn” er ein patriarkalsk hersketeknikk som berre blir brukt for å holde dei nede. I mitt heimland har eg enno ikkje sett ein kvinneleg bussjåfør eller lastebilsjåfør. Ja, det er mange kvinner som køyrer sin eigen bil no, men samfunnet klarer ikkje å tenkje på sjåføryrket som eit yrke for kvinner. På den andre sida er det mange yrker der kvinnene har ei aktiv rolle, men likevel er heilt usynlege. Eit eksempel på det er bondeyrket.

I mange samfunn vert husarbeid sett på som kvinna sin jobb. Uansett kva yrke ei kvinne har så er ho forplikta til å gjere husarbeid. Også mange yrke utanfor heimen blir sett gjennom ei kjønnsdelt linse. Mange tenkjer til dømes at ein sjukepleiar, førskulelærar, resepsjonist eller personleg sekretær/assistent er yrke som passar best for kvinner. Og yrke som ingeniør, forskar, leiarstillingar – dei passar for menn. Eg lurar på om ein må ha ein penis eller ei livmor for å vere forskar eller sjukepleiar eller for å vaske opp etter middagen heime? Faktisk ikkje! Dette er berre ein måte å tenkje på! Patriarkatet har bygd opp tankesettet vårt gjennom tusenvis av år.

For fleire hundre år sidan kunne ein ikkje sjå føre seg at kvinner kunne styre dette samfunnet like godt som menn. Og vegen hit har ikkje vore ein dans på roser. No har vi vist kva vi kan, no er det på tide å skrive historia vår slik den skal vere.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *