Eg har lært om kulturen med sjukeheimar/eldreheimar i Noreg. Eldreheimar er viktig for dei eldre i eit land.
I heimlandet mitt er det berre seks eldreheimar i heile landet som blir drivne av styresmaktene. Og på desse heimane er det svært dårlege forhold. Det fins eit par private eldreheimar, men det er svært uvanleg.
I min kultur er oppfatninga at dersom ein sender foreldra sine på ein eldreheim, så er ein ein dårleg son eller dotter. I 2013 kom ei lov der alle born (søner og døtrer) får ansvaret for å ta vare på foreldra sine når dei blir gamle. Viss foreldra ikkje får den pleia dei treng frå borna sine, kan dei klage og søkje hjelp i rettssystemet. Det fins inga eldreomsorg i statleg regi dersom ein eldre person treng meir pleie eller helsehjelp. Difor er det mange som føler at foreldra er ei byrde for dei. Og det er mange som ikkje har råd til å leige profesjonelle omsorgspersonar. Og kva er konsekvensen? Det er kvinna i huset som må ta seg av dei eldre svigerforeldra.
Det mest interessante er at sjølv om lova seier at både søner og døtrer har ansvaret for gamle foreldre, så tenkjer samfunnet berre på sønene. Det er fordi dei kulturelle normene seier at ei kvinne skal flytte til svigerforeldra etter giftemålet. Og viss ho tener pengar så har foreldra ikkje rett på noko av pengane hennar. Det er fordi ho tilhøyrer ein annan familie og har adresse der etter at ho er gift. Mitt spørsmål er då: dersom ein berre har døtrer, kva skal ein då gjere når ein blir gammal? Mine foreldre er ikkje gamle, men eg har alltid prøva å støtte dei økonomisk fordi eg ikkje trur på dette patriarkalske tullet!
Eg tenkjer at borna sjølvsagt har eit viktig ansvar for foreldra sine. Men styresmaktene bør syte for gratis og god omsorg for eldre menneske. Det var dei som bygde samfunnet for oss, og vi bør gje dei ein god og lukkeleg alderdom!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

