ER DEI LATE?

Ela
Ela
3 Min Read

For eit par år sidan las eg ein forskingsartikkel frå ein forskar ved eit amerikansk universitet. Den artikkelen prøvde å formidle at ifølgje aktivitetar i bil og til fots, var sørasiatiske kvinner dei lataste i verda. Eg las også ein annan artikkel som sa at sørasiatiske kvinner er late fordi dei ikkje går i treningsstudio. Eg kan berre seie at dette var svært stereotyp, kulturelt fordomsfull forsking. La meg utdjupe.

Fyrst, saka om å gå eller køyre. Kvar skulle eg gå? Ute i det offentlege rom må nesten alle kvinner kvar dag tole mobbing, seksuelle kommentarar og seksuell trakassering. Om kvelden er det ikkje trygt for kvinner å gå ut. Samfunnet forventar til og med at kvinnene skal vere heime og gjere husarbeid. I ein slik situasjon, skulle dei gå ein tur ut for å vise at dei ikkje er late? Ei anna sak er bilkøyring, det er mange kvinner som køyrer bil om dagen. Men dersom samfunnet dei lever i ikkje godtek det så lett, kva skal dei då gjere?

Ein annan studie prøvde å fokusere på kor ofte ein går i treningsstudio. Det er ikkje vanleg med treningsstudio i heimlandet mitt. Dei fins, men dei er for dei rike og den øvre middelklassa. I min barndom hadde mor mi aldri tid til å setje seg i sofaen eller leggje seg på senga i løpet av dagen. Ho arbeidde 15-16 timar om dagen. Det fans ikkje oppvaskmaskin, vaskemaskin, miksar, mikroomn, støvsugar eller liknande. Alt arbeid måtte gjerast med dei to hendene hennar. Eg har aldri sett ei så hardtarbeidande og sterk kvinne som mor mi. Men ho gjekk aldri i treningsstudio, rett og slett fordi ho ikkje hadde tid til slik luksus!

Eg har alltid sagt at det patriarkalske systemet i samfunnet må endrast. Kvinnene er ikkje fødde for å berre gjere husarbeid. I tillegg er det fordomsfull forsking som viser at sørasiatiske kvinner er late. Vi må ikkje gløyme å ta med det kulturelle perspektivet.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *