Då eg kom hit handla eg vanlegvis daglegvarer på Rema eller KIWI, der fann eg fisk og kjøtvarer i frysedisken. I heimlandet mitt brukte eg å kjøpe fersk fisk. Ein dag fekk eg høyre om Meny, og der fann eg fersk, oppdelt fisk i eit hjørne. Fyrst trudde eg den berre var på utstilling og ikkje for sal. Eg gjekk rundt eit par minutt og prøvde å finne ut kvar dei hadde fisken som var til sals. Eg spurde dama høfleg om prisen på ein heil fisk. Ho verka litt overraska. Og då eg høyrde at den oppdelte fisken var til sals, vart eg overraska. Kvifor? Der eg kjem frå er det normalt at ein må kjøpe ein heil fisk. Uansett vekt eller pris. Det er ikkje så vanleg å selje oppdelt fisk, det finn ein berre nokre få stader. Viss ein vil kjøpe oppdelt fisk, kan det tyde på at han eller ho ikkje har nok pengar og at vedkomande kanskje er fattig!
Då eg var student på universitetet budde eg på internat. Eg var åleine og hadde ikkje bruk for ein heil fisk. Men eg måtte alltid kjøpe ein heil fisk i butikken. Etter å ha førebudd den, åt eg kanskje tre eller fire bitar, og etter eit døgn var resten dårleg og måtte kastast. Vi hadde ikkje tilgang på kjøleskåp. Eg tenkte alltid at viss det fans ein kultur der ein kunne kjøpe så mykje fisk som ein trengde (sjølv om det var veldig lite), så ville det vere bra.
I min kultur er det størrelsen på fisken ein kjøper som viser kor rik ein er! Og derfor er det mange som må låne pengar, slik at dei kan kjøpe ein stor fisk som får dei til å føle seg som ein vinnar! Fattige har ikkje råd til å ete dyr fisk. Dersom det hadde vore kultur for å selje oppdelt fisk i mitt heimland, kunne alle kjøpe berre den fisken dei trengde!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

