Det er ei kjønnsdelt verd. Vi har fleire tusen eksempel på at kjønnsdiskriminering fins. Eg vil setje særskilt fokus på husarbeid. Før eg kom hit trudde eg at situasjonen var den same i alle land. Etter at eg kom til Noreg fekk eg høyre at både menn og kvinner gjer husarbeid her. I mitt heimland har eg sett at husarbeidet er kvinna si plikt, sjølv om ei kvinne arbeider utanfor heimen! Eg vil difor spørje, når ei kvinne ikkje er den einaste i hushaldet, kvifor skal ho alltid måtte gjere husarbeidet? I mitt heimland blir dei kvinnene som hevar stemma mot dette kalla “dårlege kvinner”!
Mannen er ein del av familien, så kvifor vil ikkje mennene delta i denne aktiviteten? Det er fordi denne enkle stereotypien sit så djupt i dei, at dei trur dei blir sett på som “feminine” dersom dei utfører slikt “kvinnearbeid”!
Kvinner utgjer halvparten av verdas arbeidsstyrke, og 48 % av arbeidsføre kvinner er i arbeid. FN seier at kvinner utfører to tredelar av arbeidet i verda, og 15 gonger meir husarbeid enn menn. Likevel eig kvinnene berre ein prosent av rikdomen i verda, og dei mottek berre ein tidel av samla inntekt i verda! Eg trur ein av hovudgrunnane til denne urettferda er den skeive fordelinga av slike diskriminerande, kjønnsdelte oppgåver. Husarbeid er ulønt og tidkrevjande. Det blir ikkje sett på som produktivt eller økonomisk. Ein går difor glipp av ein verdi på 11 billionar dollar fordi kvinnearbeidet er eit usynleg bidrag i verdsøkonomien. Kapitalismen viser også at kvinner er drivkrafta for utvikling av samfunnet. Men det har ikkje friteke dei frå husarbeidet. Resultatet er at kvinna blir lessa ned med dobbeltarbeid.
I 2021 bør vi tenkje over dette, som dei medvitne menneska vi er!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

