I dag vil eg gjerne snakke om eit av mine pågåande prosjekt og tankane mine rundt det. Eg har starta eit saumprosjekt (for hand, ikkje med symaskin). Eg skal sy åtte temabaserte stoffbitar som skal setjast i ramme som kunst. Tema er likskap, fridom, fred og kjærleik.
Ein av mine venner spurde meg; «Sying er kvinnearbeid og sidan du er feminist, kvifor gjer du dette»? Eg hadde ein lang diskusjon med han. Poenget mitt er – kva forventar eg som feminist av verda? Ein av mange ting eg vil er å bryte kjønnsstereotypiar. Eg vil vise at det som i ein kultur er definert som mannsarbeid, det kan også eg utføre. Det inneber ikkje at eg må slutte å gjere det kvinnene gjer! Eg har sett mange menn og kvinner som berre vil utføre sokalla mannsarbeid og føler at dei må slutte å gjere kvinnearbeid. Viser ikkje det at dei trur mannens arbeid er meir verdsett og at «kvinnfolkarbeid» viser at nokon er svak? Ganske skumle tankar! Dersom nokon tenkjer slik er dei med på å fremje patriarkatet!
Ja, kvinnene har allereie vist seg fram innanfor sitt sokalla område, dei er ikkje forplikta til å utføre desse oppgåvene. Men ein må ha fullstendig fridom til å gjere det ein har lyst å gjere. Og det er ikkje berre kvinner som bryt ut av desse rammene, menn treng også å forstå og å gjere det. Det er ikkje berre kvinnene sin jobb å gjere verda likestilt.
Vi må ikkje gløyme at sying er ei kunstform som er minst 20 000 år gammal. I dag blir den likevel sett på som kvinnearbeid. Eg trur det er grunnen til at det ikkje har blitt like populært som måleri. Ein målar kan skape kunst gjennom kreativitet med fargar og pensel. Men ein kunstnar kan gjere det same med nål og tråd. Og ein person treng ikkje eit kjønnsorgan for å få det til. Det betyr at både kvinner og menn kan gjere det.
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2023

