Dei siste fem åra er dette det ordet eg oftast har møtt på: «integrering». Dei fyrste tre åra var då eg jobba med flyktningar i Bangladesh, og det var fyrst då eg forstod fullt ut kva ordet tyder. Dei siste to åra har eg sjølv vore flyktning, og no er eg ein del av den prosessen. Ifylgje FNs høgkommissær for flyktningar UNHCR er integrering av flyktningar «ein dynamisk og mangefasettert tovegs-prosess som krev ein innsats frå alle partar, inkludert flyktningar som må vere innstilte på å tilpasse seg vertslandet utan å måtte gje avkall på sin eigen kulturelle identitet, og vertssamfunn og offentlege institusjonar som er like klare for å ynskje flyktningar velkomne og møte behova til ei mangfaldig gruppe. Prosessen med integrering er kompleks og gradvis, og den består av avgrensa, men samanvevde juridiske, økonomiske, sosiale og kulturelle dimensjonar, som alle er viktige for at flyktningane skal kunne integrere seg som fullt inkluderte medlemmer i vertssamfunnet.»
Mange menneske i vertslandet er av den oppfatninga at integrering er prosessen der «nykomarane» har «eineansvaret» og skal lære kulturen og å meistre systemet i vertslandet. Etter mi meining er dette berre delvis rett. I denne situasjonen har vertssamfunnet den viktigaste rolla. Dei skal «ta imot nykomarane på ein positiv måte og hjelpe dei å bli integrerte i samfunnet». Mange tenkjer at «Vi prøvar. Du bør òg akseptere meg som eit medlem av samfunnet og hjelpe meg å forstå dei nye omgjevnadene mine».
Og integrering er ikkje så lett for alle. Vi har våre eigne, individuelle erfaringar. Vi prøvar å integrere oss i samfunnet samstundes som vi lever med traumer, saknar vår eigen kultur, nokre lever med ei kjensle av å vere «ingenting». Erfaring viser at integreringsperioden varierer frå person til person. Vi kan ikkje forvente det same frå alle.
Vi godtek kvarandre, og å godta noko er ofte lett, men det krev litt meir innsats og ansvar å halde fram med det – gjer det ikkje? Men la oss gjere det!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2022

