Kven har foreldreretten til eit barn!

Ela
Ela
2 Min Read

Ein av mine tidlegare professorar ringde meg for fyrste gong på lenge. No bur ho i Europa med dotter si. Ho er ein framståande antropolog og hadde ei svært bra karriere i Bangladesh. Men ho reiste frå alt dette og busette seg her. Kvifor? På grunn av dottera.

Ifølgje lovene i Bangladesh er det far som har den juridiske og naturlege foreldreretten dersom eit par med barn vil skilje seg. Og dette gjeld ikkje berre i Bangladesh, men i mange andre land med dei same lovene!

Å vere omsorgsperson og ha foreldreretten er to separate ting. Sjølv om mor har den daglege omsorga for mindreårige barn, er det far som har den juridiske foreldreretten til barna til dei er myndige. Sjølv om mor er ein naturleg omsorgsperson etter muslimske lover, har ho berre foreldreretten fram til barnet er sju år dersom det er ein gut, og til puberteten dersom det er ei jente. Det som er mest interessant er at viss ei skilt kvinne gifter seg på nytt, så mister ho foreldreretten til barna sine. Det er ingen slike lover for far, enten han giftar seg på nytt eller ikkje!

Min professor var eit offer for partnervold, men ho tok ikkje ut skilsmisse då. Ho frykta at ho måtte gje frå seg barnet sitt. Ho fekk eit stipendiat og kom hit med dottera. Så tok ho ut skilsmisse. Og ho vil ikkje tilbake. Då kan ho miste barnet sitt.

Eg føler at i nokre land eksisterer kvinner berre for å føde barn og halde orden på alt, medan mannen eig alt. Ikkje ein gong når ho gjev liv til eit barn frå sin eigen kropp kan ho få ha foreldreretten!

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *