KVINNELEGE BØNDER: EIN FORSØMT RESSURS I VERDA

Ela
Ela
3 Min Read

For eit par år sidan arbeidde eg nokre månader som kjønnsrollelærar. Ein dag bad eg alle deltakarane om å late att augo, tenkje på ordet “bonde” og så teikne det dei såg føre seg. 100 prosent av deltakarane teikna ein mann som arbeidde med jorda, køyrde traktor eller heldt ein reiskap I hendene. Eg spurde kvifor dei berre teikna mannlege bønder? Kvifor ikkje ei kvinne? Det vart stille. I våre hovud har vi ein stereotypisk tankegang som er skapt av sosiokulturelle normer. I dag er det mange antropologar som vil hevde at jordbruket vart oppfunne av kvinner i eit samfunn med jegerar og sankarar.

Ifølgje FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO representerer kvinner 43 prosent av den globale arbeidsstyrken i jordbruket, og 47 prosent av arbeidsstyrken innan fiskerinæringa. Desse hardtarbeidande kvinnene produserer meir enn halvparten av maten vår, trass i at dei utgjer mindre enn halvparten av arbeidsstyrken! Dei er også eit offer for ein enorm kjønnsbasert lønsskilnad.

I Bangladesh er 68 prosent av den kvinnelege arbeidsstyrken involvert i jordbruk, skogbruk og fiske. Av 21 steg i prosessen frå jord til bord er kvinnene direkte involvert i 18 av dei. Likevel er 72 prosent av desse kvinnelege bøndene ubetalte arbeidarar. Dei arbeider som ein del av familien, men det er ektemannen eller ein mannleg slektning som sel varene og tek pengane. Desse kvinnelege bøndene har ingen rett til å bruke pengar, ta avgjerder i familien, skaffe seg utdanning, eige jord eller liknande. Dei vert ikkje eingong verdsette som bønder av styresmaktene. Dei resterande 28 prosent av kvinner opplever enorm kjønnsbasert lønsskilnad og diskriminering. Dette er noko som går igjen rundt om i verda: kvinnelege bønder vert forsømde over alt. Tenk at vi ikkje kan sjå for oss ei kvinne som bonde! Men dersom desse kvinnelege bøndene la ned arbeidet i morgon, kva ville skje med oss? La oss tenkje!

Eg veit ikkje kva du ville tenkt dersom du skulle late att augo og tenkje på ein bonde. Men det er eit faktum at vi har eit stereotypisk tankemønster når vi tenkjer på yrker.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *