Sjølv om grønsaker og fisk er favorittmaten, har eg tru på «allsidig kosthald». Eg elskar å prøve ulik kulturell mat og prøvar å smake på alt. Det er faktisk hobbyen min. Eg har smaka mykje sokalla «rar» mat, til dømes grashoppe. Det smaka absolutt godt, så du treng ikkje lage grimasar når du les det! Kvifor trekkjer eg fram dette eksempelet? Fordi matvanar er kultur. Noko som er mat for deg, er kanskje ikkje mat for andre. Eg har også funne ut at nordmenn er glade i matkultur, det likar eg! Sist veke fekk eg min fyrste invitasjon til julebord. Ja, eg lika den maten. Det var smakfullt og koseleg!
Så korleis er matkulturen i heimlandet mitt? Generelt blir all mat varmebehandla, det einaste vi et rått er salat. For det andre er hovudretten ris. Og mange et mykje potet til risen! For det tredje brukar vi ulike typar krydder, Søraust-Asia er eit himmelrike av krydder. For det fjerde et vi alltid varm mat, sjølv om vi har eit varmt klima. Eg fortalde det til ein venn og han spurde «et de iskremen varm?!» Gud, nei faktisk ikkje! Kaldmat er for oss iskrem, cola og nokre typar dessert. Bangladesh er eit elveland, så det er vanleg med fisk. På morsmålet mitt, bangla, er det vanleg å seie at «Bengali er kjend for fisk og ris», og ein kan finne meir enn 100 fiskesortar der.
Det viktigaste er at i heimlandet mitt høyrer kjøt til religionen. Kua er til dømes muslim og grisen er hindu. Og ein muslim et dette kjøtet som er slakta på korrekt, religiøst vis. Eg har fått mange spørsmål frå mine bengalske slektningar om eg har funne korrekt, religiøst kjøt i Noreg. Dei har nok blitt svært skuffa over svaret mitt, dessverre. Ikkje misforstå! Eg kritiserer ikkje Noreg. Eg har ganske enkelt fortalt dei at «eg har ikkje eingong prøva å finne noko slikt dei siste to åra!»
Så, kva er mat for meg? Det er ikkje berre det at mennesket må ete for å holde seg i live, men eg vil gjerne lære meir om det kulturelle og historiske!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

