Medgift: namnet på eit kulturelt monster

Ela
Ela
3 Min Read

Medgift er ein svært vanleg praksis i Søraust-Asia, og spesielt i Bangladesh, India og Pakistan. Medgifta er brudgomens familie sitt krav til bruda sin familie for å fullføre ekteskapet, det kan vere kontantar, gjenstandar eller eigedom. Medgift har ei lang historie i heile verda, men korleis er stoda i dag? 

I Bangladesh er det mange som meiner at medgift er eit bra system. I patriarkatet er kvinner ei byrde, dei går heime, ektemannen har ansvaret for kona og han tek seg av henne heile livet. Difor kan han krevje medgift frå kona sin familie. Kva er det dei krev? Alt frå motorsyklar til eigedom, TV-apparat, smykke, kontantar, hus, kjøkkenutstyr og meir! Av og til blir bruda sin familie fattige av å oppfylle alle krava. Ein familie sparer pengar til medgifta dottera må ha når ho giftar seg. Dette er ein stor grunn til at kvinner blir undertrykte. Det startar ofte med ulike former for psykisk terror, mishandling, valdtekt, kasting av syre, seksuell trakassering, seksuelt slaveri gjennom trafficking, og endar ofte med femicide – folkemord på kvinner.

I følgje FNs befolkningsfond (UNFPA) har meir enn 70 prosent av gifte kvinner eller jenter i Bangladesh vore utsette for ei eller anna form for partnervald. Medgifta er ein av fellesnemnarane.

For å hindre den forbannelsen medgifta er, har Bangladesh vedteke ei lov, the Dowry Prohibition Act, 1980. India og Pakistan har tilsvarande lover. Men så lenge eit land har eit patriarkalsk styre, vert ikkje desse lovene tekne i bruk!

Mitt feministiske standpunkt er: Kvinner er korkje ei byrde eller andre sin eigedom. Ein familie kan gje ei jente utdanning i staden for å spare pengar til medgift. Ei kvinne kan vere ei kraft dersom ho får dei rette moglegheitene. Når ei kvinne blir uavhengig, treng ikkje ho eller familien tenkje på ein ektemann som må ta hand om henne. Og kva slags ansvar har staten? Dei må sjølvsagt tenkje på likestilling for alle, og fokusere på å endre systemet!

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *