Vi kjenner alle til mensen. Rundt halvparten av den kvinnelege befolkninga og rundt 26 prosent av den globale befolkninga er i reproduktiv alder. Sjølv om det er ein heilt normal ting, blir mensen stigmatisert ulike stader i verda. Til og med i 2021 er det hundre tabu kring mensen!
Då eg kom til Noreg og gjekk i daglegvarebutikken, fann eg eit eige hjørne for kvinnelege hygieneprodukt, og det er så normalt. Eg sto framføre desse produkta og tenkte på dei tidlegare opplevingane mine!
Der eg kjem frå er det framleis 80 prosent av kvinnene og jentene som ikkje brukar bind. Høg pris, mangel på informasjon og tabu er hovudgrunnane. I staden brukar dei uhygieniske klutar som dei vaskar kvar månad og så brukar på nytt. Dei tørkar dei til og med under andre klesplagg, sidan dette er menstruasjonsklutar, og det er ei skam å la andre sjå dei. På grunn av denne uhygieniske vanen er det mange kvinner og jenter som får problem med underlivet. Kvinnene er flaue over å kjøpe bind i butikken, og det blir levert ut i ein kraftig pose så ingen kan sjå det. Då eg var tenåring kjøpte mor mi bind til meg, og eg måtte gøyme dei for den mannlege delen av familien. Sjølv når eg gjekk for å kjøpe hygieneserviettar så hadde kjøpmannen eit antydande smil om munnen, eller han var frekk.
Før samfunnet vart dominert av menn, var mensen sett på som ei heilag kraft hos kvinnene. No er det eit religiøst og kulturelt tabu! Ingen av delane er sant, det er noko heilt normalt for eit menneske.
Eg meiner at når samfunnet lenkar fast og låser inne kvinnene, er det enkelt å hindre dei i å påverke dagsorden, og då er det lettare å halde fram med å utnytte dei og å holde på patriarkatet. Tabuet med mensen er ei av desse patriarkalske lenkene. La oss bryte den!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

