Eg kjem frå eit land der terrenget stort sett består av elvar og lågland. Det høgaste fjellet er endå lågare enn Lifjell i Bø (Tazing Dong- 1280 meter). I mitt heimland er det stort sett stammefolk som lever i fjella, og turistar som reiser dit, reiser for å besøkje stammekulturen. Dei fleste fjellområda er under militær kontroll og med svært mykje militære til stades. Eg har besøkt fjellområda i Bangladesh mange gonger, og måtte då ha løyve frå militæret. Og eg måtte også reise med ei gruppe, for ei kvinne som reiser åleine er ikkje trygg. Det er i tillegg mange stader ein ikkje kan gå fordi det er strenge restriksjonar.
Då eg kom til Noreg hadde eg mi oppfatning av fjellturar. Eg trudde fjella var kontrollert av styresmaktene og at eg måtte ha løyve. Og så lærte eg at naturen og fjella er for alle, og eg kan gå så mange toppturar eg vil. Eg føler meg verkeleg fri, og eg har gått i fjellet mange gongar. No er turar i fjellet ein av favorittaktivitetane mine. Eg har funne meg sjølv, og eg har fått tilbake sjølvtilliten og styrken. Men korleis var den fyrste opplevinga?
Eg vart invitert med på ein fjelltur av ein venn i fjor. Utan å nøle kan eg innrømme at ein fjelltur i Noreg ikkje er ein rusletur, den er hard. Eg følte meg litt ille til mote med dei fine kleda og skorne mine. Eg tok ikkje med mat eller drikke, eg trudde vi kunne finne ein kafé eller restaurant der, slik var mi erfaring. Stakkars meg! Eg trudde til og med at ein kunne køyre til toppen. Det var verkeleg hardt, men ei fantastisk oppleving!
Særleg rundt midtsommar er fjella i Noreg det vakraste som fins. Å følgje den raude eller blå merkinga, plukke blåbær og molter, bade i eit fjellvatn, sjå ulike planter i full bløming, setje opp telt og overnatte, tenne bål og grille (når det ikkje er bålforbod); eg meiner alle menneske frå ulike kulturar som lever i Noreg må få oppleve fjellheimen her.
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2022

