Mor mi og dei to kjelane

Ela
Ela
2 Min Read

Etter korona har eg dei siste to åra reist rundt i fleire land i Europa. Det eg har sakna kvar gong er drikkevatnet i Noreg. Eg føler at drikkevatnet i Noreg ikkje berre er friskt, det har også smak. I eitt av landa måtte eg kjøpe 15 liter mineralvatn for fem dagar, fordi vanleg vatn i springen hadde ei rar lukt og eg hadde ikkje lyst å drikke det.

Eg vaks opp i hovudstaden i Bangladesh, som er den tredje mest forureina byen i verda. Vatnet er forgifta med store mengder metall, bakteriar og andre farlege stoff, og det er ulike vassborne sjukdomar. Eg drakk aldri vatn rett frå springen. Så kva gjorde vi? Mor mi hadde to store metallkjelar som kvar kunne ta 30 liter vatn. Ho kokte vatn i dei annankvar dag, og det vatnet blei brukt til drikkevatn, matlaging og oppvask. Ho har gjort dette dei siste 35 åra.

Vassforsyninga i Dhaka (hovudstaden i Bangladesh) må takle mange utfordringar, mellom anna flaum, dårleg vedlikehald, uorganisert utbygging, utarming av grunnvatnet, forureina elvevatn, dårlege sanitærforhold og store slumområde, der meir enn ein tredjedel av innbyggjarane bur. Så med 24 000 km fordelt på meir enn 700 elvar som renn gjennom det fruktbare landskapet er det meir enn nok vatn i Bangladesh, men å sørgje for trygt drikkevatn for alle er eit stort og vanskeleg nasjonalt problem. 

Då eg kom til Noreg spurde eg kontaktpersonen min kvar reinsemaskinen var, og kvar eg kunne finne drikkevatn. Då han sa at eg kunne drikke vatn rett frå springen, kunne eg faktisk ikkje tru det. Dei fyrste par vekene kokte eg vatnet før eg drakk det. Stakkars meg! Og no? Eg drikk rett frå fjellvatna, frå fontener, springen og eg et til og med snø. Eg har blitt så van med det no. Mennesket endrar seg etter tid og stad.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2023

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *