I hundreåra før den industrielle revolusjonen var kvit hud eit teikn på at ein høyrde til overklassen. Mørk hud var assosiert med fattige som arbeidde på markane og ute i det fri. Men no? Å vere solbrun er svært populært I Europa og Amerika. Eg har sett hundrevis av bruningsprodukt i butikkane. Eg har fått høyre at folk vi ha naturlig brun hud, og at dei solbadar i sommarmånadane. Soling er prosessen der huda blir mørkare eller solbrun. Så mote er ikkje noko konstant, den endrar seg heile tida.
Korleis er situasjonen i min kultur?
I min kultur vil alle vere kvite. Det er ikkje berre mote, det er også konkurranse! Bleikingsprodukta er blant dei mest populære produkta i kapitalismen, særleg i Søraust-Asia. Mange av produkta er giftige og har til og med alvorlege biverknader. Mange kvinner går til legen med hudproblem etter å ha brukt desse produkta. Men dei vil ha kvit hud. Er det berre mote? Nei, det er eit sosialt og kulturelt fenomen.
Då eg var tenåring sa ei av tantene mine til mor mi at ingen kom til å gifte seg med meg fordi eg har mørk hud. Eg vart lei meg og fekk dårleg sjølvtillit av slike kommentarar. I dag veit eg at dette kallast kolorisme, diskriminering basert på hudfarge. Eg veit at kommentarane var mobbing. Eg trur at bortimot alle jenter i min kultur som har mørk hud, høyrer slike kommentarar og tek seg nær av dei. Men det er ikkje berre i min kultur kolorisme eksisterer.
Eg har prøva å seie at solbrun hud er mote her. Viss du ikkje solar deg, er det likevel ingenting som skjer. Men i mange land er det ei konkurranse å prøve å vere kvit! Det er heilt klart kolorisme. Men kva er eigentleg hud? Det er berre eit naturleg, menneskeleg organ!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

