Naturen: min beste venn i Noreg

Ela
Ela
3 Min Read

Fyrste gongen eg var i fjella i Bangladesh var i 2012, med venene mine. Den gongen fekk eg ei djup kjensle av at fjell og skog var min ultimate destinasjon. Og no er eg her, i eit land der naturen på mange måtar er bade viktig og trygg.

Eg vaks opp i eit samfunn der kvinner ikkje kan ferdast trygt åleine i naturen. Dei må vere i ei gruppe, med familien eller med ein guide. Store deler av fjellområda i Bangladesh er okkupert av militæret, og ein må ha ein god grunn og godkjenning for å ferdast i fjella.

Eg gjekk i skogen og fjellet åleine for fyrste gong etter at eg kom til Noreg. Og etter det har eg funne min beste ven i Noreg; ein ven som eg kan vise kven eg verkeleg er; ein ven som ikkje bryr eg om kva og kor mykje eg klarer; ein ven som ikkje pressar meg til å alltid vise det beste av meg sjølv; en venn som ikkje treng å vite kven eg er, kvar eg kjem frå eller kva hudfarge eg har; en ven som ikkje dømmer!

Når eg går i fjellet opnar hjernen seg og eg kan tenkje. Eg kan slappe av når eg kviler på ein stein og betraktar planter, tre, fuglar og vatn. Kvart steg minner meg på at eg er levande og framleis har mykje å bidra med i verda. OG naturen har vore til god hjelp når eg har streva ved mentale utfordringar.

Det er studiar som viser at naturen – så lenge ein føler seg trygg – er ei motgift mot stress: Den senkar blodtrykket og stresshormonnivået, roar nervesystemet, styrkar immunforsvaret, aukar sjølvkjensla, reduserer uro og hevar humøret.

Eg tenkjer at naturen bør vere ein del av integrasjonsprosessen for innvandrarar i Noreg. Men vi må ikkje føle oss pressa til det, ein treng berre å prøve det ut frå kvar enkelt sitt funksjonsnivå.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2023

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *