For ein månad sidan kom ei venninne til Bø for å studere, og ho fann seg ein studentbustad der det budde to gutar i eigne rom i same husværet. Dette er sjølvsagt ikkje eit problem her. Men eg fortalde henne at dersom dette hadde vore i mitt heimland så hadde det vore heilt utenkjeleg! Ho sa med ein latter at det ville ha vore likeeins i hennar heimland. Ho er frå det sørlege Asia.
I mitt heimland har ein separate internat for mannlege og kvinnelege studentar ved universiteta. Og ein mannleg student kan aldri besøkje kvinnenes internat eller omvendt. Nesten alle internat for kvinner blir låst klokka 22. Av tryggleiksgrunnar får ingen kvinner gå ut etter det, men dei mannlege studentane kan kome og gå fritt heile døgnet.
Dersom ein student vil leige husvære saman med andre må alle vere av same kjønn, sjølv om dei bur i ulike rom! Det er eit kulturelt stigma å bu saman med det andre kjønn utan å vere i slekt eller gift. Her i Noreg kan ein bu i lag i år etter år utan å vere gift, men i mange land er det eit kulturelt tabu. I desse landa er dei redde for eit «SPØKELSE», og det spøkelset heiter «SEX» eller «SEX utanfor ekteskapet». Dei trur at viss menn og kvinner er saman i ulike samanhengar, så har dei sex. Og sex utanfor ekteskapet? Sosialt uakseptabelt og religiøst forbode. Og det er mange som trur at ei jente og ein gut ikkje kan vere berre gode vener. Nesten halvparten av mine beste vener var mannlege, og eg var tydelegvis ei dårleg jente. Samma det!
Ein gong heime i mitt lokalsamfunn sa eg: «Sjølv om sex er eit skambelagt ord i mange land, så veks befolkninga dag for dag. Nokre land er til og med overbefolka.» Som vanleg fall ikkje dette i god jord! Samma det!
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

