Seksualundervisning

Ela
Ela
2 Min Read

Eg gjekk innom Bø bibliotek i april; eg hadde kome til Noreg i februar. Dette var mitt fyrste bibliotekbesøk i Europa. Eg fann eit hjørne med alle slag barnebøker. Eg var nyfiken og fann nokre bøker om seksualundervisning for barn. Eg vart overraska. Bøkene handla om kva menneskekroppen er, kva forskjellen mellom mann og kvinne er, korleis kroppen fungerer, kva kjønnsorgan er og kven som kan røre dei, kva seksuelt samkvem er, korleis eit barn blir til og så vidare. Eg var rett og slett forbausa!

I min barndom lærte eg ingenting om seksualitet. Tradisjonelt sett får barn og ungdom i mange kulturar ikkje informasjon om seksualitet og kropp, sidan det er tabu å snakke som slikt. Eg visste ingenting om menstruasjon før eg opplevde det sjølv, og den fyrste erfaringa var grusom. Sjølv eg visste at dersom ein mann kyssa ei kvinne, så ville ho bli gravid! Ja! Det trudde eg heilt til eg var 16 år! Eg lærte om seksualitet då eg var 21 år, med hjelp frå vennene mine på universitetet. Då følte eg at kroppen min hadde vore heilt ukjent for meg i 21 år!

Slikt er heilt vanleg i mitt samfunn. Korleis lærer ungdommar om sex i mitt samfunn? Gjennom å lese pornoblad og sjå på pornofilmar, for det er sosialt skamfullt å diskutere med venner og andre. Og mi erfaring er at det ikkje er sunt å lære desse tinga slike stader. Fordi seksualitet er ikkje berre samleie. Det handlar også om emosjonelle relasjonar og ansvar, seksuell anatomi, seksuell aktivitet, seksuell reproduksjon, seksuell lavalder, reproduktiv helse, reproduktive rettar, trygg sex, prevensjon og seksuelt fråhald. Og ein finn sjølvsagt ikkje slikt innhald i porno!

Eg meiner at alle styresmakter bør gjere seksualundervisning tilgjengeleg for barn, då vil vi få sunnare menneske og eit sunnare samfunn.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *