Ein venn av meg besøkte Italia, Frankrike og Spania, og prøvde å forklare med korleis kvinnene var i dei landa. Ifølgje han «er kvinnene i desse landa sjenerøse. Kvinnene gjer alt husarbeidet, dei arbeider i tillegg utanfor heimen, dei driv turisthotell åleine og mennene kan gå på bar eller pub i fritida. Dei har superkrefter» ifølgje han. «Og i heimlandet mitt Bangladesh er mødrene våre også sjenerøse, sidan dei gjer mykje for familien utan å heve stemma, dei er ikkje opptekne av likestilling eller karriere eller feminisme.»
Vennen min er ein mann med doktorgrad. Og han tenkjer at det å «vere sjenerøs» er arbeid som kvinnene må gjere. Eg har også møtt mange kvinner som tenkjer på same måte.
Kva er definisjonen på sjenerøse kvinner? Å gjere alt samfunnet forventar? Og at dei ikkje hevar stemma og krev likestilling? At dei ofrar og godtek i det stille, med eit stort smil om munnen? Eg prøvde å forklare, men etter 50 minutt avslutta han og kona samtalen.
Kva tenkjer du eigentleg? Er dette definisjonen på sjenerøsitet? Min venn prøvar å rettferdiggjere dette synet fordi han har sett det i Europa. Men viss praksisen i Europa er slik, då vil eg òg sjølvsagt heve stemma! Dette kan aldri vere eit definisjonen på sjenerøsitet. Dette er «total, livslang ofring» for kvinner, slik det patriarkalske systemet forventar.
Eg seier ikkje at kvinner ikkje skal gjere noko! Eg prøver å fortelje at det går an å dele ansvaret og med det endre dei typiske forventningane. Det handlar ikkje om å presse kvarandre eller dominere kvarandre. Feminisme er eit svært godt konsept for å bli likestilt, gjere slutt på og ha forståing for all kjønnsdiskriminering.
Translator: Marit Folkestadås Tveit
Published in Bø Blad, 2021

