Vi er alle eit produkt av patriarkatet

Ela
Ela
3 Min Read

Ein av mine beste vener, ein mann, spurde meg ein dag om feminisme. Han prøvde å kritisere meg direkte for at vi kun tenkjer på kvinner. Ifølgje han kan mannen òg føle seg sårbar i det sosiale systemet. Fyrst bad eg han om å roe seg ned, så hadde vi ein lang diskusjon.

Eg veit ikkje korleis det er i Noreg, men i min kultur er det mannen som skal forsørgje familien, vere overhovud og stå for størstedelen av inntekta. Å vere mann er det same som å vere sterk, muskuløs, mindre emosjonell, ha kraftig stemme, vere utadvent, leiar, dominerande og så vidare. Eg har sett ein mannleg venn som ville bli målar, men presset frå omgjevnadene gjorde at han ikkje fekk den sjansen. Han måtte fokusere på pengar. Ifølgje samfunnet kan han nemleg ikkje ta godt nok vare på ein familie dersom han ikkje tener nok pengar, og kven vil gifte seg med han då? Eg har òg sett andre menn som har prøva å kontrollere kjenslene sine fordi dei er menn. Menn får høyre at dei «ikkje kan grine som ei jente», «har veike musklar som ei jente», «tener mindre pengar enn kona si!», «gutar skal leike ute og ikkje inne», og tusenvis av andre kjønnsdiskriminerande kommentarar.

Ifølgje min ideologi og oppfatning er vi alle eit resultat av patriarkatet. Dette systemet skaper «maskulinitet» og «femininitet». Sjølvsagt kan menn òg føle seg sårbare i dette systemet, og eg har medkjensle med dei, men ein stor prosentdel av mennene likar det slik. Det er fordi dei kan holde fast ved og utøve makt.

Så kva kan vi gjere? Eg trur at vi må tenkje på oppførsel og haldningar som har blitt forma av det sokalla patriarkalske systemet. Dersom vi vil endre samfunnet på ein positiv måte, må alle menn og kvinner gå hand i hand.

Eg trur på at dersom eg forventar endring frå andre, så må eg fyrst vere den endringa sjølv.

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2021

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *