Vinter Opplevelser

Ela
Ela
3 Min Read

Mørkt, glatt, snøvêr og kulde er vanlege ord om vinteren her. Etter tre år taklar eg vinteren, men det har ikkje vore ei enkel reise. Kulde og snø er eigentleg ikkje et problem for meg no, det likar eg, men glatte vegar og mørke kan framleis vere vanskeleg å takle. Eg trur mange føler det same, og vi treng å ta vare på den mentale helsa vår. Det er mange ting ein kan gjere om vinteren for å få opp humøret. Eg har prøvd å gå på ski, noko som var moro, vanskeleg og fascinerande!

Eg kjem frå eit varmt land. I vinter har eg høyrt på familie og vener som frys seg gjennom vinteren og har det tungt. Når eg fortel at eg bur ein plass der temperaturen ofte fell under null, vil dei ikkje tru meg. Då må eg fortelje om vinterkulturen i Noreg.

I Bangladesh har vi om lag 12 timar dagslys og 12 timar mørke om vinteren, og temperaturen ligg på mellom 11 og 20 grader (unntatt i nord). Kvart år kjem det også nesten 320 artar flyttfuglar til Bangladesh frå Sibir, Mongolia og Tibetplatået for å overvintre. Vi har også ein rik matkultur om vinteren i Bangladesh. Grønsaker og avlingar er på sitt beste på denne tida, og ein får enn 50 slag friske grønsaker og spinat der.  Men ein har ikkje varme i husa, så temperaturen er stort sett den same ute og inne. Det fins heller ikkje oppvarma vatn, så viss ein vil ha eit varmt bad må ein koke vatn. Det er ganske stor forskjell frå oss her!

Familie og vener spør korleis eg klarer meg gjennom vinteren med 30 års erfaring frå eit varmt land. Eg svarar at «Dersom du vil leve eit liv, klarer du å overleve med nye ting som du treng. Og eg kan finne og skape mi eiga lukke når eg føler at eg har fridom her.»

Translator: Marit Folkestadås Tveit

Published in Bø Blad, 2023

Share This Article
Leave a comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *